Frakt med Postnord 79kr, gratis frakt (Postnord) ved handel over 1299kr, sendes med Posten 140kr, hent i butikk hos Ringo Fosnavåg
x
x
Søk
cart
Handlekurv
Kattnakken Panneband Lamull Jord Jord - Kattnakken
Kattnakken Panneband Lamull Jord Jord - Kattnakken
Kattnakken Panneband Lamull Jord Jord - Kattnakken
outputTheme.'/elementsOutput/fancyboxIcon.png')?>

Kattnakken

Kattnakken Panneband Lamull Jord

Når det er litt kjølig, men ikkje kaldt nok for lue, er dette pannebandet midt i blinken. Det gir lun varme rundt øyrene og passar perfekt i overgangsvêret – til barnehage, skule, tur og aktive dagar ute.

Lammeulla gir naturleg varme samtidig som ho pustar og slepp ut overskotsvarme når barnet er i aktivitet. Blandinga av 70 % lammeull og 30 % polyamid gir ein mjuk, elastisk og slitesterk kvalitet som toler kvardagsbruk.

Pannebandet sit godt på hovudet utan å stramme og held seg på plass når barnet spring, leikar og er i aktivitet. Det kjem i onesize til barn, og den elastiske kvaliteten formar seg fint etter hovudet.

Ny lammeullsserie
Pannebandet er ein del av den nye lammeullsserien vår, saman med lue, babylue og balaklava. Lette og lune plagg som er laga for overgangsvêret – og enkle å kombinere med resten av yttertøyet.

Eigenskapar:
• Materiale: 70 % lammeull, 30 % polyamid
• Fluorkarbonfri (PFAS-fritt)
• Lanolinfri
• Vindstoppar ved øyra
• Pustande
• Fukttransporterande
• Temperaturregulerande
• Lett og mjuk kvalitet
• Elastisk passform
• Sit godt under aktivitet
• Onesize til barn
• Perfekt til overgangsvêr og mildare dagar

Vask og vedlikehald:
• Vaskast på ullprogram med ullsåpe
• Formast i fasong etter vask
• Tørkast flatt
• Ikkje bruk tørketrommel
199,-
199,-
Jord
arrow
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
arrow
basket icon Legg til i handlekurv
Frakt 79,- (Fri frakt over1299,-)