Frakt med Postnord 79kr, gratis frakt (Postnord) ved handel over 1299kr, sendes med Posten 140kr, hent i butikk hos Ringo Fosnavåg
x
x
Søk
cart
Handlekurv
Kattnakken Lue Lamull Mjuk Blå Mjuk blå - Kattnakken
Kattnakken Lue Lamull Mjuk Blå Mjuk blå - Kattnakken
Kattnakken Lue Lamull Mjuk Blå Mjuk blå - Kattnakken
outputTheme.'/elementsOutput/fancyboxIcon.png')?>

Kattnakken

Kattnakken Lue Lamull Mjuk Blå

Ei lett og mjuk lue for dagar der det er litt kjølig, men ei tjukk lue blir for mykje. Perfekt i overgangsvêret og til barnehage, skule, tur og aktiv leik ute.

Lammeulla gir lun varme samtidig som ho pustar og slepp ut overskotsvarme når barnet er i aktivitet. Blandinga av 70 % lammeull og 30 % polyamid gir ei mjuk, elastisk og slitesterk kvalitet som formar seg godt etter hovudet.

Lua er ufora, noko som gir ei lett og behageleg følelse. Den gode passforma gjer at ho sit godt utan å stramme – også når barnet spring, leikar og er i aktivitet.

Ei enkel lue som er lett å ta med og raskt blir ein fast del av kvardagen når vêret skiftar.

Ny lammeullsserie
Lua er ein del av den nye lammeullsserien vår, saman med babylue, panneband og balaklava. Lette og lune plagg som er laga for overgangsvêret – og enkle å kombinere med resten av yttertøyet.

Eigenskapar:
• Materiale: 70 % lammeull, 30 % polyamid
• Fluorkarbonfri (PFAS-fritt)
• Lanolinfri
• Vindstoppar ved øyra
• Ufora
• Lett og mjuk kvalitet
• Pustande
• Fukttransporterande
• Temperaturregulerande
• God elastisitet
• God passform under aktivitet

Vask og vedlikehald:
• Vaskast på ullprogram med ullsåpe
• Formast i fasong etter vask
• Tørkast flatt
• Ikkje bruk tørketrommel
249,-
249,-
Mjuk blå
arrow
4-8 år
arrow
1
2
3
4
5
arrow
basket icon Legg til i handlekurv
Frakt 79,- (Fri frakt over1299,-)