Frakt med Postnord 79kr, gratis frakt (Postnord) ved handel over 1299kr, sendes med Posten 140kr, hent i butikk hos Ringo Fosnavåg
x
x
Søk
cart
Handlekurv
Kattnakken Balaklava Lamull Mjuk Blå Mjuk blå - Kattnakken
Kattnakken Balaklava Lamull Mjuk Blå Mjuk blå - Kattnakken
Kattnakken Balaklava Lamull Mjuk Blå Mjuk blå - Kattnakken
outputTheme.'/elementsOutput/fancyboxIcon.png')?>

Kattnakken

Kattnakken Balaklava Lamull Mjuk Blå

Når lufta blir litt kjøligare og hovud, øyre og hals treng ekstra varme, er denne balaklavaen eit godt val. Ho er lett og ufora, og passar perfekt i overgangsvêret og på milde vinterdagar – til barnehage, skule, tur og aktiv leik ute.

Lammeulla gir naturleg varme samtidig som ho pustar, transporterer fukt og regulerer temperaturen. Det gjer balaklavaen behageleg for barn som er mykje i bevegelse, utan at ho blir for varm.

Blandinga av 70 % lammeull og 30 % polyamid gir ein mjuk, elastisk og slitesterk kvalitet som formar seg fint etter hovudet. Passforma følgjer ansiktet og sit godt på plass under aktivitet, medan vindstopparar ved øyrene gir ekstra beskyttelse mot kjølig vind.

Ny lammeullsserie
Balaklavaen er ein del av den nye lammeullsserien vår, saman med lue, babylue og panneband. Lette og lune plagg som er laga for overgangsvêret – og enkle å kombinere med resten av yttertøyet.

Eigenskapar:
• Materiale: 70 % lammeull, 30 % polyamid
• Fluorkarbonfri (PFAS-fritt)
• Lanolinfri
• Vindstopparar ved øyrene
• Pustande
• Fukttransporterande
• Temperaturregulerande
• Ufora
• Lett og mjuk kvalitet
• Elastisk passform
• Gir god dekning rundt hovud, øyre og hals
• Sit godt under aktivitet
• Perfekt til overgangsvêr og milde vinterdagar

Vask og vedlikehald:
• Vaskast på ullprogram med ullsåpe
• Formast i fasong etter vask
• Tørkast flatt
• Ikkje bruk tørketrommel
349,-
349,-
349,-
Mjuk blå
arrow
1-3år
4-8 år
arrow
1
2
arrow
1
2
arrow
basket icon Legg til i handlekurv
Frakt 79,- (Fri frakt over1299,-)