Frakt med Postnord 79kr, gratis frakt (Postnord) ved handel over 1299kr, sendes med Posten 140kr, hent i butikk hos Ringo Fosnavåg
x
x
Søk
cart
Handlekurv
 Kattnakken Babyregndress Pytt- Vinterfora, Månefjell Månefjell (beige) - Kattnakken
outputTheme.'/elementsOutput/fancyboxIcon.png')?>

Kattnakken

Kattnakken Babyregndress Pytt- Vinterfora, Månefjell

Når regnet trommar, sølepyttane glinsar og verda ropar «kom og sjå!», er det tid for Babyregndress Pytt. Dette er dressen for dei første ordentlege regnoppdraga – når små superheltar kryp, stabbar, spring og utforskar verda i vått vêr.

Ein del av Superkatten-universet ?
I kolleksjonen Superkatten 2026 møter du små kvardagsheltar på superheltoppdrag. Her blir regn til leik, slaps til utforsking og kvar einaste pytt til eit lite eventyr. Dressen kjem i fleire fargar og mønster frå Superkatten-universet – så barnet kan velje sin eigen favoritt.

Dressen er laga i ekstra mjuk og lett PU (Polyuretan Lett), som gir god komfort og gjer det enkelt for barnet å røre seg fritt. Samtidig sørgjer sveisa saumar, vanntett glidlås og vannstopparar på armar og bein for at vatnet held seg ute – også når det er skikkeleg vått. Regndressen er sydd i ei passform som gir god plass til bleie, og er litt romslegare over hofta enn dei andre dressane.

Med 80 gram vattering held dressen barnet varmt på kjølige regndagar, i hauststormar og gjennom vinterslapset. Den vanntette glidelåsen og knappestolpen gir ekstra beskyttelse mot vatn og søle, medan vannstopparar på armar og bein bidreg til å halde barnet tørt gjennom heile leiken.

Hetta er både avtakbar og regulerbar, og fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.

Slitesterke fotstrikkar held dressen godt på plass over støvlane, og refleksar på armar og bein gjer barnet meir synleg ute på mørke dagar.

Eigenskapar:
• Materiale: Polyuretan (PU) Lett
• Vannsøyle: 100% vanntett (10 000 mm)
• Slitestyrke: Medium slitesterk >50.000 Martindale (>9 kg trykk)
• 80 g vattering
• Vindtett
• Sveisa saumar
• Vanntett glidelås og knappestolpe
• Vannstoppar på armar og bein
• Slitesterke strikkar under foten
• Refleks på armar og bein
• Avtakbar sikkerheitshette
• Gode namnelappar
• Fluorkarbonfri

Vask og vedlikehald:
• Vaskast på 40 °C
• Ikkje bruk tøymjuknar
• Tørkast hengande
1199,-
1199,-
1199,-
1199,-
1199,-
1199,-
Månefjell (beige)
arrow
68
74
80 / 1 år
86 / 1,5 år
92 / 2 år
arrow
1
arrow
1
arrow
1
arrow
1
arrow
1
arrow
basket icon Legg til i handlekurv
Frakt 79,- (Fri frakt over1299,-)